tirsdag 29. juni 2010

Afrika


I snart 10 år har eg levt med “ein fot” i Afrika, dette kontinentet som vi har så mange oppfatninger av. Tørke, svolt, borgarkrig, brennande sol.... elende, elende, elende..... eksotisk feriestad, safari, Kilimanjaro, Karen Blixen, Out of Africa, maraton, fotball VM..... Uansett kva du trur om Afrika er det nok slik at våre oppfatninger av livet og forholda ute i verda er ganske einfoldig og innsnevra.

Kenya


Mitt Afrika er Kenya, eit land i Aust-Afrika med meir enn 35 millioner innbyggerar, som ligg under Ekvator og i aust grenser mot Somalia og det indiske hav, i sør mot Tanzania, i vest mot Victoriasjøen og Uganda og i nord mot Sudan og Etiopia. Kenya var britisk koloni fram til 1963 under namnet Britisk Østafrika. Størrelsen er omlag 1.5 ganger størrelsen av Norge. Medan vi har mange dialekter har Kenya omlag 40 stammer med forskjellige språk. Etter 1963 var det derfor å ha to offesielle språk som er engelsk og swahili.

Mombasa


På kysten ved det indiske hav ligg den nest største byen i Kenya, Mombasa med omlag 700.000 innbyggere. Som ellers på austkysten av Afrika er samfunnet og byggeskikker her sterkt påverka av arabisk kultur. På kysten nord for Mombasa ligg også andre kjende turistplasser som Malindi og den lille øya Lamu. Også kysten sørover mot Tanzania er i stor grad utbygd med turisthotell. Dei mest vanlege turistane på kysten kjem frå Tyskland, Italia og England.

Nairobi

Hovedstaden, Nairobi ligg på ei høgslette (1600 m.o.h) og her bor omlag 3,5 millioner. Store deler av befolkninga i byen bor i slum og det vi kaller semislum. For oss i Norge er nok Mathare-slummen den mest kjende. Fotballag frå Mathare har vore faste gjester på Norway Cup i alle år. I Mathare bor det omlag 600.000. Den største slummen er Kibera med meir enn 1 million innbyggare.

Nakuru

Mellom Nairobi og Victoriasjøen ligg den 3. største byen i Kenya, Nakuru med nesten 350.000 innbyggere.

Kisumu og Victoriasjøen




Ved Victoriasjøen ligg Kisumu, med knappe 300.000 innbyggere er dette den 4. største byen. Dette er område som far til Barak Obama var frå. For ein sunnmøring er det litt rart å tenke på at nesten all lokal fisk som blir eten i Kenya kjem frå innlandet, frå Victoriasjøen...

Victoriasjøen er den største innsjøen i Africa og den nest største i verda, men kun ein liten del tilhøyrer Kenya. Sjøen ligg 1133 m.o.h., har meir enn 3.000 øyer og har utløp til den kvite Nilen.

Rift Vally




Rift Vally (Riftdalen) er eit system av forsenkninger i jordskorpa som er 6.000 km lang og strekker seg frå Syria i nord til Mosambique i sør. Den austlege kanten på forkastninga ligg omlag 35 km vest-sør-vest for Nairobi. Frå Nairobi på 1600 m.o.h. stig landet jamt opp gjennom Dagoretti og Karen til Ngong Town som ligg på 1950 m.o.h. ved foten av Ngong Hills. Ngong er eit ord i masaii-språket som betyr knoker (knokane er kulane i overgangen mellom handa og fingrane når du knyter neven). Ngong Hills er ei lita fjellrekkje som ser ut som knoker og som er danna av opp-pressing der jordplatene i forkastninga møtes. Det høgste punktet er 2.480 m.o.h. eller like høgt som toppen av Galdhøpiggen. Frå toppen er det omlag 1.000 meter ned til slettene i Rift Vally. Forkastninga her er ikkje stupbratt, men dei fleste vil nok tenke seg om, minst to ganger før dei prøver å gå ned på denne sida.

Mount Kenya og Kilimanjaro




Mount Kenya med ei høgde på 5.188 m.o.h. er det høgste fjellet i Kenya og i heile Afrika er det berre Kilimanjaro med sine 5.895 m.o.h som er høgare. Kilimanjaro er ein inaktiv men ikkje utdøydd vulkan som stig opp slettene i grenseområdet mellom Kenya og Tanzania. Toppen av Kilimanjaro ligg i Tanzania. Mount Kenya ligg på ekvator nord for Nairobi og er meir eit lite fjellområde med fleire topper og tinder. Mount Kenya er meir krevjande og dermed også mindre populær å bestige enn Kilimanjaro.

lørdag 26. juni 2010

Kitui


Kitui Town ligg omlag 160 km aust for Nairobi. Klimaet her er relativt tørt, og sjølv om ein i Kenya normalt kan hauste to gonger i året, har det for dei to siste åra vore nok regn i berre ei av fire vekstsesonger.
Ca 2 km utanfor byen ligg Florence sin barndomsheim. Her bor no foreldra, ei syster med familie, to brødre med deira familier og syster til Junior. Totalt bor 19 av vår familie her. På garden er der 6 bolighus og to kjøkkenhus. To av bolighusa er våre. Det runde huset ved sida av bilen er det vi bruker sjølve. Huset til venstre er eit av kjøkkenhusa. Det store treet bak kjøkkenhuset er eit mangotre som gir store mengder med frukt i januar.

tirsdag 1. juni 2010

Heime hos oss i Ngong



På slutten av 1990-talet kjøpte Florence ein tomt på ei lita høgde i utkanten av Ngong Town omlag 30 km frå Nairobi. I 2001 bestemte vi oss for å bygge hus på denne tomta og i 2002 flytta vi frå leiligheita i Parkland i Nairobi til det nye huset i Ngong.

Huset ligg 1950 m.o.h. og temperaturen her er om natta 10 – 14 grader og 22 -26 grader på den varmaste tida av dagen. Kvar kveld er det ein kjølig bris frå aust som gir ei klar og rein luft heile året. Framfor og under oss ligg dalen som fører deg nedover gjennom Karen til Nairobi. Bak oss ligg Ngong Hills.

I tillegg til den opprinnelege tomta har vi kjøpt til nabotomta slik at arealet på eigedomen er no omlag ½ acer dvs 2 mål, der halve tomta er shamba (åker) og her vi dyrker m.a. mais, bønner, tomater, papaya, avokado, pasjonsfrukt og mango.

Husa er bygde av naturstein som blir broten i nabolaget og tilhogd med hamar og meisel på byggeplassen. Den dominerande fargen på denne steinen er grå, men finst også i mindre kvantum i fargane blå, grøn, raud og gul. Vi har brukt alle fargane i våre hus.

Hovedhuset har fem soverom, tre bad og kontor i tillegg til stover og kjøkken. John, som er vår vakt og gartner bor i eit eige to roms hus rett ved porten. I tillegg til disse to husa har vi det finaste tradisjonelle utedo og “bad” eg har sett!