tirsdag 1. juni 2010

Heime hos oss i Ngong



På slutten av 1990-talet kjøpte Florence ein tomt på ei lita høgde i utkanten av Ngong Town omlag 30 km frå Nairobi. I 2001 bestemte vi oss for å bygge hus på denne tomta og i 2002 flytta vi frå leiligheita i Parkland i Nairobi til det nye huset i Ngong.

Huset ligg 1950 m.o.h. og temperaturen her er om natta 10 – 14 grader og 22 -26 grader på den varmaste tida av dagen. Kvar kveld er det ein kjølig bris frå aust som gir ei klar og rein luft heile året. Framfor og under oss ligg dalen som fører deg nedover gjennom Karen til Nairobi. Bak oss ligg Ngong Hills.

I tillegg til den opprinnelege tomta har vi kjøpt til nabotomta slik at arealet på eigedomen er no omlag ½ acer dvs 2 mål, der halve tomta er shamba (åker) og her vi dyrker m.a. mais, bønner, tomater, papaya, avokado, pasjonsfrukt og mango.

Husa er bygde av naturstein som blir broten i nabolaget og tilhogd med hamar og meisel på byggeplassen. Den dominerande fargen på denne steinen er grå, men finst også i mindre kvantum i fargane blå, grøn, raud og gul. Vi har brukt alle fargane i våre hus.

Hovedhuset har fem soverom, tre bad og kontor i tillegg til stover og kjøkken. John, som er vår vakt og gartner bor i eit eige to roms hus rett ved porten. I tillegg til disse to husa har vi det finaste tradisjonelle utedo og “bad” eg har sett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar